|

Fem dikt av Arnljot Eggen
Han gav
Han gav av sitt jordsmonn
så andre kunne vekse
dei voks over han
og stengde han inne
han sat der som fange
i sin avviste varme hans framtid var over men
ei fortid var nær han snudde sin lagnad
og sløkte si hildring
han voks i ei armod
der varmen rakk lenger
Råk
ein elvestraum vaknar
svart i det kvite
pludrar som undrande barn
mot det stigande lyset
mumlar innettervendt
og prustar i kulde
der iskanten kvitnar
som gamlingens frostbart
Teietid
I byrjinga berre var Ordet
så kom den fint
modulerte og ordrike teiinga
Vanskane har sitt innfløkte
styrkande rotnett
kuttar du det for å rømme
visnar du
meir
Blakk i Marrakech
Han hadde ein kniv på botnen av smilet eg hadde ein usikker bakveg i mitt
han fekk det eg hadde slik
gjorde vi opp og var kvitt
Dikta er
henta frå samlinga "Dikt mot det stumme" av Arnljot Eggen. - Det Norske
Samlaget 1993
Omslag: T.S./Atle
Aas
Liste over dikt som er presenterte på Hugen
er sette opp på Dikthylla
Heim til Hugen
22.01.07 |