|

Dikt av Oskar
Stein Bjørlykke
endeleg har eg
råd til å vere meg sjølv
i vatnet ein sommarkveld
straumane er så milde
kven sym der spør du
svaret er: eg
eg
kryssar
ikkje lenger meg sjølv
her på fjorden
eg berre vender
seglet i sola
sjølve ferda
heiter eg
den venstre
handa mi
veit godt kva mi høgre
gjer
og tanken min
skal bu i hjartet
eg stryk
i kveld dei to
hendene mine over panna over brystet
her under
piletreet
er det beste
treet, det
bøyer seg djupt
i alle vindar
vender sine blad og skimrar
slik kan eg stå
eg kom
til meg sjølv i støvet
uthuset mørkt og stille
lysbjelken gjennom rommet
eg la meg ned
i ein slik fred
eg går
inn i skåpet til meg sjølv kjenner blusen mot ansiktet lèt att auga
du òg her?
då byter vi klede i mørket du får skjorta mi i natt
Dikta ovanfor er avsnittet "og eg" i
samlinga "Bakken" av Oskar Stein Bjørlykke. - Samlaget 2006
http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=135830
http://www.dagbladet.no/kultur/2007/02/12/491694.html
http://www.studvest.no/kultur.php?seksjon=anmeldelser&art_id=5544
http://skrift.no/katalog/index.asp?medlem=bjorlykke.oskar.stein
Liste over dikt som er presenterte på Hugen
er sette opp på Dikthylla
Heim til Hugen
31.03.07 |