|
Hilde Myklebust: Berre dagar seinare Det er eit gult lys i fjøsen om kvelden Over glaskuplane ligg eit tynt lag av pust og ullfeitt
Tippoldefar bygde fjøsen Han legg mørtel mellom steinane og smir trenaglar med tollekniven Oldefar sit på hoggestabben Han skriv med kløyvde blyantstumpar Farfar kardar hesten i lange tak Far står i fjøsdøra Lutar seg mot greipa og lyder mot fjella
Dei ser meg kome og legg frå seg arbeidet Hilde Myklebust: Berre dagar seinare. Dikt. Det Norske samlaget. Oslo 2005 - ISBN 82-521-6582-6 Omslag: Jesper Egemar Intervju med Hilde Myklebust: http://www.synste.no/Ny2005/10-hilde.html 08.09.07 |