|
Van Gogh tvilar ikkje Av Hanne Aga
Ja visst er portane små Mørkret finst ------ I sanning Van Gogh tvilar ikkje Åkeren tvilar heller ikkje ------ Alt startar i rommet Alt startar i håpet
Eg kjenner uroa Krafta som går gjennom vatn kornet mognar treet eit vitne i sol ------ Krigen er alltid nær ------
Skriket ut til sidene ------ Kvar kjem krafta ifrå Den knuste båten? Munnen min er full av gammal kviskring
Eg spyttar ut eit svart kor ------
Om natta oppe mot taket ------ Eg trur På jorda sitt indre På skjelving og portar
Eg har ei natt ------
Det brenn ------ Han går med sine kvite steg over åkeren Dei svarte fuglane over han er ikkje til å ta feil av Villskapen i himmelen syner seg Eg veit om dette Eg tvilar slett ikkje på det eg ser Kornet når meg med sitt strie gule auga ------
Det nådelause mennesket
Det drøymande vidspente mennesket ------
Van Gogh tvilar ikkje ------
Han ser på meg ------
Han var oppløyst i det tomme ------ Historia som fyller seg ut Døden den daglege øvinga ------
Eg er døden Slik såg eg sola sprenge natta
Slik det er
Eg eit bilete
Eg kryp over kvite brear
finn armar finn fingrar
finn kulde søvn og vaken
Eg grip eit ord
Det renn som sol
------
Alle desse nettene som
Kunsten å stå opp
------
Alt er i skaping
Jublande
Hav flør og fell
Songane flyt som elvar
------
I aust og vest lyser gullet
------
Ei hardare verd ja
Eg strandar der eg strandar
------
Alle våre rørsler
Her lever vi med hendene våre
-------------------------------------------------------------------------
"Van Gogh tvilar ikkje" er frå samlinga "Eit rom å falle inn i"
Hanne Aga: Eit rom å falle inn i - Solum forlag. Oslo 2005
ISBN 82-560-1471-7
Heimesida til Hanne Aga med bibliografi, smaksprøver og om forfattarskapet:
http://home.nvg.org/~aga/hanne/
25.10..07 |