|
Seks dikt frå samlinga "Sjøfarar" av Sophia de Mello Breyner Andresen
Dagen Ver ein heil dag i eige selskap la ikkje andre få forstyrre Eit dikt stig fram så nytt så gammalt - du veit ikkje kor lenge du har bore på det
Lisboa Eg seier: "Lisboa" når eg kjem sønnafrå, over elva og byen opnar seg der eg kjem, som fødd av dette namnet opnar seg og reiser seg i si fulle nattelengd i si langstrekte skimring av blått og elv i kroppen av høgder og ryggar i haug Eg ser den betre fordi eg seier namnet Alt visest betre fordi eg seier namnet Alt viser betre fram kva det er og kva det manglar fordi eg seier namnet Lisboa med dette namnet av vere og ikkje vere med krokvegane av undring, av søvnløyse og bølgjeblekk og det løyndomsfulle skinet av teater med dårespel av maskespel og renker Mens storhavet strekkjer seg mot vest, langt mot vest ligg Lisboa og gyngar som ei skute ligg Lisboa der, hjartelaust bygt opp langsetter sitt eige fråvær Eg seier namnet på byen - seier det for å sjå den
Bølgjer Bølgjer - finst det vakrare hestar enn dykk, bølgjer de er Finst det finare bøyg i nakken Finst det finare kast med mana eller villare prusting på heile havet Finst på vidaste stranda ein kjærleik meir drukken
Hus Hus - håse hus vegger som vaker - dørstokkar rette og høgtidssame rom etter rom tørstande halvmørke taka langsame som i spegelen skimt av magi og vatn: under flata ein veg til det mulege
Lidenskapen bur i løyndespela og i deira tragiske presise perfeksjon
Skriving II Han skriv i eit stort rom, nesten tomt Han treng ikkje bøker og notatar for kunsten hans er minnets barn Han fortel det han fekk sjå og sola i det han såg skal alltid lyse på han
Ut her Opn døra og kom ut her ut i verkelegheitas salte presisjon
Sophia de Mello Breyner Andresen, fødd i 1919, vaks opp i Porto, i ein rik og dana familie med nordiske anar. Sjølv om ho heile livet har vore opptatt av litteratur, historie, sosial rettferd, er likevel naturen fremste inspirasjonskjelda for henne, og da særleg havet. Få diktarar har eit større vokabular og fleire bilete for alt som har med sjø og vtn å gjere. Ho kan prise naturen og protestere mot menneskeleg tyranni på eit og same tid: "Er du i stand til å sjå kor sjokkerande flott verda er, er det logisk atdu også ser det sjokkerande elendet." Sophia "Sjøfararen" er ein av Portugals mest respekterte og verdsette forfattarar. (Frå omslaget) Sophia de Mello Breyner Andresen: Sjøfarar Utval og gjendikting ved Tove Bakke Omslagsdesign: Ingeborg Ousland Cappelen 2000 ISBN 82-02-20169-1 Tove Bekke har skrive eit etterord i boka Sjå elles: www.editorial-caminho.pt
18.01.08 |