|

Marie Takvam1926 - 2008
Åker under stjerner
Fylg meg langs åkerlandet!
Stjernene lever i natt,
skimrar ned i den mognande bygg.
- - Møtte du mylnaren att?
Kjenn på eit kildrande byggaks
drive or mold av den gode sol!
- Bivrar og svagar dei ranke strå?
Høyrde du kvernsteinen mol?
Høyrer du kvernsteinen krase
heile den gylne fonn?
- Maktar du tyde i høge kvelving
stjerneskrift over korn?
Frå "Signal", 1959
30.01.08 |