|
Jostein Krokvik: Klokkevisaren Tre dikt frå samlinga
Uvanleg vindstilla Ved Stad ligg skodda tett som so ofte den einslege fiskaren i sundet set garn kanskje er makrelen komen
juni
uvanleg vindstilla på denne kanten der blåsteren herjar
løynd av skodda er himmelen stjernone soli skal vera i nordvest no
æva bankar bak stilla altet slær sine slag ***** Dauden og kjærleiken Dauden og kjærleiken er einaste emni verde å skriva om, sa ein diktar
dauden skal ikkje vera meir sa profeten ***** So snøgt So snøgt sviv mangt no at det stend stilt
19.01.09 |