
VOV Veg og varsel |
WTO Way To Omens |
| Bildet ovanfor er frå Ottestad i Stange kommune, tett
sør for Hamar. Du ser ein blå blenk av Mjøsa midt på bildet. Når eg kjem frå
fjordar og fjell og dalar heime på Sunnmøre og hit til dette flate vidopne landskapet,
vert eg gripen av korleis mitt kjære fedreland, som slett ikkje er så stort, er fylt av
kontrastar. Dette mangfaldet er fascinerande og utfordrande! Og kontrastane finst ikkje
berre som kontrastar mellom aust og vest og sør og nord, men også innanfor kvart lokalt
miljø vil det finnast eit frapperande mangfald. Dette bildet tok eg sist eg var på dei
kantar, midt i oktober månad 2005. Med kamera gjorde eg ein bråte med oppteikningar. Eit
lite utval er lagde inn i det følgjande postløpet. Du blir med dette invitert til å gjennomføre eit postløp på seks varsel (omen). Pila til neste varsel nedst på kvar side. Til somme varsel står det ein tekst, ved andre varsel kan du sjølv tenkje ut ein høveleg tekst. Tekstane som står til kvart varsel er berre forsøk på tydingar, og du må aldri vere redd for å utvide dette forsøket eller tyde varselet på din eigen personlege måte. Under kvart varsel står det eit pil som viser vidare til neste varsel, eller tilbake til det forrige. Følg pilene slik det høver for deg. Lykke til! Bjørke, 6.november 2005. Beste helsing
|
The picture above is from Ottestad in
Eastern Norway close to the town Hamar. The blue twinkle in the middle of the picture is
from Mjoesa, the greatest lake in Norway. When I come from the fjords and mountains and
valleys in Western Norway where I live, and to a place like this, I find the contrasts in
my dear native country so very fascinating and thrilling. (To see the view from my home: http://www.hugen.no/fuglekassen/ark07.htm ) How can our small country give room for such a great variety of landscapes
and environments? This picture I took the last time I vistited the place, in the middle of
October 2005. With my camera I recorded lots of notes. A few of them is presented in the
following hunt. You are invited to do join this omen hunt called "Way To Omens". The guiding arrow at the bottom of every page. To some of the omens there will be a text - maybe you find the text should be different? To other omens there are very few words, and, if you want to, you can think out your own comments. The words put there by me is only attempts of interpretation. Make it wider, or make it quite your own, do it your way. Below every omen there are arrows that will lead you to the next one, or the the previous one. Do the hunt like you find it best. Good luck! Bjørke, 6th November 2005. Most friendly regards |