Wittgenstein - 2

Det stille alvoret

Ludwig Wittgenstein blir rekna som "ein av dei mest innverknadsrike tenkarane i det tjuande hundreåret" (DSA). Han gjekk sine eigne vegar og arbeidde seg fram til "språket som handling" som hovudtema. Wittgenstein var sterkt medverkande til å gi moderne europisk filosofi ei ny retning der interessa samla seg meir om det frie bruksspråket enn om bundne logiske reglar.

I visse periodar søkte Wittgenstein til Noreg, til bygda Skjolden inst i Lustrafjorden i Sogn. Her fekk han sett opp si eiga hytte. På denne staden fann han ro til å samle seg om viktige deler av arbeidet sitt.

Eg etlar meg altså til å gjere ei "lesereise" i livssoga og tankeverda til Ludwig Wittgenstein. Den første boka er "Det stille alvoret". Sitat frå denne boka merkjer eg med bokstavane DSA. Eg set hit omtalen på omslaget av boka:

wittgenstein180.jpg (21925 bytes)

"Eg kan ikkje førestella meg at eg kunne ha arbeidd noen stader slik eg gjer her. Det er roa og kanskje det vedunderlege landskapet; eg meiner det stille alvoret i landskapet. (Ludwig Wittenstein i eit brev i 1936)

Dette skreiv filosofen i Skjolden, inst i Lustrafjorden. Det var her delar av hovudverka til Wittgenstein blei til, og dette er utgangspunktet for denne biografien av Knut Olav Åmås og Rolf Larsen.

Ludwig Wittgenstein (1889 - 1951) er ein av dei mest sentral filosofane i dette hundreåret. Etter Wittgenstein er all filosofi språkfilosofi. Denne boka omhandlar livsløpet til Wittgenstein og gir ei oversikt over Wittgensteins ung- og seinfilosofi. Den er den komplette forteljinga om Wittgensteins opphald i Norge. Vi møter mye nytt og hittil upublisert kjeldemateriale, mellom anna ukjende brev og dagboksnotat.

Kjartan Fløgstad tek i etterordet lesarane med på ei reise i Ludwig Wittgensteins komplekse landskap: Den unge Ludwig Wittgenstein søker seg bort frå sitt storborgarlege opphav. Han søker ein stad å arbeida i fred og ro. Men han søker seg kanskje også bort frå seg sjølv som moderne menneske.

>>> wittgenstein03


Wittgenstein and Norway

In few days the library will bring me the English version of this book which focus Wittgenstein's stays in Norway and how important they were for his work. I really look forward to receive it! Then I will, as soon as possible, bring the first quotes - in English.

I do not know what the title will be in English, - something like "The Tranquil Gravity"?

E.K. 22.07.06

The most helpful librarians hav now brought me the book, - it is both different and great and more than matching my expectations. Have a look: >>> wittgenstein05

E.K. 26.07.06


enok@kippersund.no

 

Index