Eit vindauge inn til barnet - 4

barnland04.jpg (78419 bytes)

"Da banka det på døra."

Den ferdige innleiinga, som eg hadde skrive, tente som ein fellesstart for dei ti elevane: "Det var to strekar som var ute og gjekk i skogen. Før dei visste ordet av det hadde dei gått seg vill. Snart begynte det å mørkne..." Sjå Starten til ei forteljing )

Det var fritt opp til kvar å styre historia vidare. Nedanfor er ein liten prøve frå korleis dei gav teksten kvar sine framhald i ti ulike retningar:

(1) Etter ei stund kom sirkelen inn saman med ei trekantpolitidame og ein strek. (…) Plutseleg skein politiet, sirkelen og streken grønt. (Frå før var dei raude.)

(2) Inn kom det eit parallellogram. (…) Men parallellogrammet og strekane visste ikkje at dei var i fare, for sirkelen var eigentleg ein djevletrekant i forkledning.

(3) Der kom mammaen til dei to strekane. Ho var glad for å ha funne strekane sine. (…) Sirkelen sa at om ei stund kom den store firkanten og trekanten, og trekanten ville ha like mange strekar som firkanten.

(4) Inn kom det 254 strekar. (…) "De måtte ikkje stikke av. Det var sjakkmeisterskap, og det vart eit brett for lite fordi de stakk av."

(5) Det banka på døra igjen. (…) "Opp med hendene!" sa 3-talet som hadde ein pistol (45mag). "Få pengane dykkar med ein gong!"

(6) Det var Trekant, venen til sirkelen og tremenningen til dei to strekane. (…) Så spurde dei to strekane om dei kunne lage seg om til ein einhjula sykkel slik at dei skulle kome fortare heim.

(7) Det var trekanten. Han var også svolten. Då dei hadde ete 5-gongen, tok han strekane.

(8) Etter ei stund kom sirkelen inn med ein firkant som hadde skjegg og bart og var veldig glad i 5-gongen, men han likte ikkje strekane fordi dei ikkje var like lange.

(9) "Kom inn," sa sirkelen. Så kom det in ein annan strek som var litt større enn dei andre strekane. "Hei!" sa den store streken, som var mora til dei små strekane.

(10) Sirkelen var redd, men no sprang han bort til døra for å opne. Men akkurat i det han hadde kome bort, vart døra sparka opp. Der stod ein kjempestor mann, som hadde sirkelforma ansikt, håret var krølla, altså fullt av tre-tal.

 

Dette er frå den fyrste grovkladden, og ikkje alle var ferdige. For meg som lærar blir det no å lese utkasta nøye. Korleis reagerer eg på det dei har skrive? Eg synest ikkje det er så vanskeleg å involvere meg, men samtidig må eg ikkje vere påtrengjande.

Det slår aldri feil! Kvar einaste ein av elevane har alltid sin eigen vri på opne oppgåver. Nokon har klemt til og skrive ein heil del og har planar om å skrive mykje mykje meir. Andre har skrive nok, synest dei, og har avslutta historia.

Det kan stå att mykje arbeid. Å oppfatte eleven som ein ressurs vil ikkje seie at denne ressursen ligg open i dagen og ferdig "foredla". Det er ikkje ein gong sikkert at ressursen sjølv har tru nok på seg sjølv til å villa bli henta fram og til å vere med på ein vidare vokster.

Neste steg vil bli å presentere utkasta i samla gruppe. Vi vil alle bli forundra på kva dei andre har funne på og beinast bli inspirert til å skrive vidare på vår eigen tekst. Å få alle elevane med på å satse på ein runde til er ikkje alltid det lettaste. Vi må gjerne bruke litt tid til å snakke oss rundt og inn i oppgåva. Prosessorientert skriving er ein balansegang mellom å oppmuntre og å utfordre. Prøve ut balansen mellom å kome med positive kommentarar og å gi til kjenne mine krav som lærar til dei, mellom skryt og konkrete skrivefaglege råd, - med standhaftig pådriv som helst ikkje skal bli massiv og monoton! Eg vil ha dei til i alle fall å prøve litt til, men utan at dette artar seg om tvang.

Mine "krav" ("det som eg ventar av dykk") spring ut av at eg har tru på dei, for eg har jo nettopp lese dei spennande førsteutkasta! Dei må ikkje få den minste grunn til å tvile på at eg verkeleg har brukt tid og krefter på teksten til den einskilde. Mi oppriktige involvering må stå til truande. Dette er den basisen som skal gjere både dei og meg sjølv trygge i arbeidet. Mine krav er positive forventningar. Eg trur på ærleg alvor dei heilt sikkert kan spinne vidare på opningskladden. Dei skjønar at eg har satsa på å fordjupe meg i utkasta deira, og eg ventar at dei svarer med ein innsats til gjengjeld.

Eg har heller aldri sagt at det er lett å skrive! ("Eg har skrive heile mitt liv, eg har alltid likt det, - men det vil ikkje seie at det alltid er "lett"!") Å skrive er eit arbeid som vi må trene oss på. Denne treninga går m.a. ut på at vi også må våge å ta oss ei lita pause, om vi står fast, og gi tankane våre ein sjanse til å finne vegen vidare. Kanskje stryke noko og prøve om att? Skriveøkta må forvaltast med kløkt og fleksibilitet, med ei fastrådd tru som ikkje skal vere urimeleg. Arbeidet med den einskilde teksten skal ikkje tværast ut, men ha eit nært og oppnåeleg sluttmål. Eg må også gi visse konsesjonar til dei som på tunge dagar "ikkje finn på noko", men utan å vere dullete!

~~ Utan arbeid ingen arbeidsglede! ~~

 

Til deltekst 5     Liste over deltekstar      Hugen