Starten til ei forteljing

Eg, som er læraren deira, grunda lenge på tablåsituasjonene som dei utforma med stort engasjement. Så skreiv eg denne starten til ei forteljing:

Det var to strekar som var ute og gjekk i skogen. Før dei visste ordet av det hadde dei gått seg vill. Snart begynte det å mørkne.

Da møtte dei ein sirkel. Han sa at dei kunne få bli med heim i hytta hans og overnatte til dagen etter.

Det var godt å kome i hus, for dei hadde begynt å fryse også.

"Takk for at du berga oss!" sa strekane.

"No må vi ha oss litt mat," sa sirkelen. "Her er nokre brøk-bollar som eg synest eg var heldig med. Men desse prosent-kakene vart brende så de skal ikkje tvinge dykk til å ete dei."

Ute var det blitt bekmørkt, og strekane var sjeleglade for at dei hadde truffe sirkelen. Her sat dei trygt og varmt. Dei hadde ikkje merka at dei var blitt skubbsvoltne. No kunne dei ete seg stappmette og drikke så mykje geometri-kakao som dei berre orka.

"Det er berre å klemme i seg," smilte sirkelen. "Vi kan ta litt av 5-gangen til dessert, viss vi vil."

Da banka det på døra.

tilbake til avsnitt 4: Da banka det på døra