Skule no og skule då

Kolbjørn Stuestøl skriv:

Svært hyggjeleg å sjå at du framleis er aktiv på ulike nettsider. Dette ser interessant ut!!!!!!!!!!!!!

Den pedagogiske vaktmeisteren er framleis i full vigør, ser eg. (Vaktmeister: ein som ordnar og held ved like der det trengst.) Nye vyer, nye tema, men den same tanken bak, ser det ut til. Lukke til med sidene. Dette var bra!

Helsing
Kolbjørn

 

Kjære Kolbjørn! - Det var triveleg at kontakten mellom oss kom ut av den langvarige dvaletilstanden! Og sjølvsagt er det kjekt å få positiv respons på Hugen! Du og eg vart kjende i det som her i huset er "Ryfylke-tida", d.v.s. åra 1965-71, da Magnhild og eg var lærarar på Fister skule i Hjelmeland kommune. Du skulte i Finnøy kommune.

Magnhild og eg har lenge vore inviterte til å kome til Fister ein tur, og i vår vart det omsider alvor, 29 år etter at vi reiste derifrå. Det var ei fin og spennande oppleving, fekk både klump i halsen og hjartestyng. Mykje var som det hadde vore, og noko var annleis. På bygdekvelden fredag 2.juni 2000, trefte vi m.a. våre gode vener Bodil og Njål Tjeltveit. Da vi stod der mellom festborda i gymsalen på nyeskulen, kom Njål og eg til å snakke om korleis svært mykje er blitt forandra i skulen på dei siste 20-30 åra. Som eg sit her og skriv til deg på Internett, kan eg f.eks. tenkje på korleis vi den gongen kopierte dokumenta våre, som ofte var handskrivne, - sveiva dei fram på spritduplikatoren. Eg trur nok det også har skjedd noko med meg som lærar, - elevsynet mitt er blitt endevendt, kommunikasjonen i klasserommet artar seg på ein temmeleg annleis måte.

Eller stikk ikkje forandringane så djupt likevel? Trass i kopimaskiner og PCar kan det ofte kjennast som om skulen ikkje berre har stått still, men at det har gått til atters. Pultane står framleis i rekkjer, skuleklokka ringjer ut og inn, rundskriva kjem og rapportane blir sende. Det går mykje i same tralten med lærebøker, timeplan, lekser, prøver. Stimen av reformar står tettare enn nokonsinne før. Instruksar og føresegnar ropar i skogen. Kva har skjedd? Kva er stoda? Det er samfunnet og politikken som eig skulen, men må skulen derfor vere ein viljelaus lettbåt på slep etter den marknadsstyrte samfunnsskuta?

Eg vil nok meine og tru at det meste er "betre" i dag.  Ja! eg meiner det! Vi har da "utvikla" oss, men sanneleg om eg alltid er så sikker. Kva lærer elevane på skulen i dag? Eg spør ikkje om kva vi har tenkt og planlagt at dei skal lære, men kva skjer av faktisk læring?

Det ville vere spennande om vi kunne ordskiftast litt om dette! Ser fram til å få ein ny mail frå deg, når du har tid og lyst.

Apropos Fister: Eg tok nokre bilde av det spesielle prosjektet som Fister skule har hatt gåande hand i hand med tradisjonsberarar i bygda og tekstilkunstnaren Eva Myhre: "Bygdeveven". Det frodige arbeidet fortel om tiltaksvilje og samarbeidsevne. Får tenkje på dette når eg stundom tvilar på koss det går med skulen.

Bilda ligg som vedlegg til dette dokumentet på: Bygdevev.

Ønskjer deg sterk renning og fargerik veft i det nye året!

 

Vensam helsing
Enok

E.S. Det er ikkje berre Kolbjørn og eg som har talerett til dette emnet. Kvar og ein er velkomen med replikkar og innlegg! Skriv til Kolbjørn på kol-stue@online.no  eller til Enok på hugen@hugen.no  D.S.

(01.01.01)

 

<<< Hugen skule