|
Alt er berre hol i hol Ein framhaldstekst. Av Enok Kippersund |
Kapittel 34: Og på det fjerde skal det skje LENSMANN Norvik og eg kom tilbake til kjøkkenet etter samtalen på tomannshand. Nokon hadde rydda av bordet, og eg såg skimten av ein oppvask borte på benken. Halbjørg var der ikkje, heller ikkje Ruben Fjordmann, og heller ikkje Johanna. Kven var det som eigentleg hadde vore der i stad? Men Monika sat der som i stad og no saman med Magnvald Malve. Han hadde med seg turre sokkar til både Monika og meg. "Og her er støvlar og sko som de kan bruke, til dykkar eigne blir litt oppturka," sa han. No såg Magnvald på meg: "Peder-Petter var her, og eg skal gi deg ein plastpose som er frå han til deg. Der ligg eit brev oppi, skulle eg seie. Han måtte berre fare, og han spurde om ikkje du kan få sitje på heim att i bilen med meg. Det er klart du kan!" Eg såg han beint i augo: "Så du får jobben med å samle i hop restane?" Han såg tilbake med blikket sitt i mitt: "Restane, det er alle dei andre. Du er den viktigaste. Du er nøtta som ikkje berre er eit skal." Eg ville til å rive av meg eit flåsesvar, for eksempel noko om Nøtte Liten eller Nøtteknekkarsuiten. Men så vart eg stum, for ei tåre glimta som ei fyrlykt i augekroken hans Magnvald. Eit helikopterbrøl skaldra lågt over taket. Lensmann Norvik såg på Monika og meg: "No får vi skyss heim att." Eg sa: "Takk som byr, men eg har litt meir å gjere her, du har jo sjølv gitt meg eit oppdrag, og Magnvald vil ta meg trygt heim att med bil. Vi er nære naboar, og han veit vegen." Monika kasta seg framover bordet og strekte armane mot meg: "Berly!" Eg gav henne hendene mine: "Kjæraste Monika, du og eg skal vite å treffast om ikkje lenge. Dette er berre ein bråstart på noko som skal bli til mykje mykje meir! Eg må vere att for å berge noko brannskadd gods."
SÅ vart det trakking i dører, og folk som kjasa med å kome seg derifrå. Det framande helikopteret letta med lensmann Norvik og Monika og nokre til. Brua nedmed elva hadde blitt sett så pass i stand at bilar kunne kome til og frå. Journalistane hadde fått ein farleg fart på seg. Nokon sa: "Den engelske politimannen er i sving på Ugjera skule!" Teltleiren vart rydda. To teknikarar såg nærare på Arn. Ikkje godt å seie kor stor skaden var, men han hadde fått greiner frå småskogen inn i halerotoren. Liten kvist kan hindre stort helikopter i å lette igjen. Til så lenge skulle gilde trufaste Arn få dørene sikra og skulle stå att aleine. Dei var ikkje heilt glade for det. "No i jakttida kan frustrerte jegerar som har bomma på ein spissbukk, gi seg til å brenne av på kva det skal vere," sa den eine teknikaren. "Eg er jeger sjølv og veit litt om den tingen. For resten høyrde eg karane krangle om det var sant at ein elg hadde vist seg her i området. Ein som heitte Petter vedda dyrt på at han hadde sett elgen." Dei to flytta umåtelege mengder med meir sperreband over frå branntomta, og alvorlege åtvaringar på skilt og plakatar vart sette opp. Men først skulle dei ta ein grundig gjennomgang både på motor og rotor og understell.
MAGNVALD OG EG gav oss i kast med oppvasken og tok oss god tid. "Å gjere ein oppvask saman, den eine vaske og den andre skylje og turke, har alltid vore ein god måte å prate saman på," var vi einige om. Han kom med plastnettet frå Peder-Petter. Der var det ein sameleis handbrodert vest som han hadde gått rundt og sprada med i går. Det var ei gåve frå gamlemoster Sina. Der låg også eit svartkvitt bilde som viste Peder-Petter og meg som jonsokbrudepar for lenge lenge sidan. Og gamlemoste Sina hadde skrive ei helsing: "På bildet var det barneleik og det var den gongen, og no vonar vi alle at de vil gjere alvor av det og halde bryllaup som vaksne! Kanskje med kvarandre?" Det skulle bli lett å svare gamlemoste på dette om Peder-Petter og eg ville vere brudepar på vaksnemåten med kvarandre, for der låg også eit brev frå Peder-Petter: "Hei Berly! Sorry, dette vart i full fart. Hadde tenkt du skulle fått vite om det før, men så vart det berre slik. Eg har selt mjølkekvotane mine og sluttar som gardbrukar. I overmorgon reiser eg med fly til Furmafi-øyane, har hatt kontakt med ei som heiter Flora. Ønsk meg lykke til!" Eg las begge breva høgt for Magnvald, og viste fram vesten og bildet. "Eg hugsar det jonsokbrudlaupet," sa han. "Eg også ville vere brudgom, men så fekk eg berre vere blomesvein. Du ser meg der bak." Han peikte på bildet, og så menn der kunne du skimte han. Ein liten stabbe med vasskjemd hår, kvit skjorte som var glidd opp or buksa og ein stor skeiv blomsterbukett. "Skjorta di," sa eg. "Ja, eg var ein rufsesnabb," sa han. "Nei, den du har på deg no," sa eg. "Kragen." Handa mi var utan vidare oppe i nakken hans og retta på skjortekragen som hadde snarla seg til på ein aldeles pussmerkeleg måte. Og med det same handa mi var på dei kantar, kjemde fingrane seg ein ørliten tur oppover i håret hans, berre heilt lite og i vanvare. "Er eg langhåra no igjen?" sa han. "Mor masar om at eg skulle klipt meg." "Ei kar som heiter Magnvald, kan ikkje gå rundt som ein snauskalle," sa eg.
VI KOM til endes med oppvasken, og han baud meg med inn i våningshuset: "Bli med opp på rommet mitt," sa han. "Kanskje du vil at vi skal sitje der når du intervjuar meg? Det er aldri godt å vite kor lang tid det vil ta." "Først vil eg at du skal skaffe ein stige og bli med meg bort på branntomta," sa eg. Han fann stige, og vi tok tak i kvar sin ende og bar han greitt nok bort til den avsvidde skulen. Ei branntomt er alltid eit sørgjeleg syn. Etter alt regnet som hadde vore om natta, var det berre så uendeleg trist å sjå koss det gamle skulehuset låg att utover marka som ei sørpe av halvbrende plankebitar og oske. Men skorsteinen stod. Ein svartsvidd finger som det var ein liten krok på, men som ikkje vil gi seg og held fram med å peike og peike beint til vers. "Det er mi steikepanne som heng der oppe, " sa eg. "Det var eit koseleg loftsrom med eit lite kjøkken der oppe, og der overnatta eg nokre gonger. Hengde like godt igjen steikepanna på ein spiker på skorsteinsmuren. Så hadde eg ho for handa neste gong. Det gjekk mykje på egg og beiken." "Du og han?" spurde Magnvald. "Kanskje," svarte eg. "Ja. Han og eg." Vi reiste stigen, og eg stod og heldt og glirte opp i støvlane og bakenden hans mens han klatra opp. Når støvlane hans skrapte inn på stigetrinna, losne det våt mold og kolbitar frå solane. Eg måtte sjå ned for å ikkje få suppedasen beint i synet. Han kom seg heilt opp og hekta panna laus. "Spikeren kan halde ein brann til," sa han. "Og steikepanna skal eg gjere rein for deg, så er ho like god."
VI GJEKK tilbake til huset med stigen mellom oss som i stad. Eg bar steikepanna. Dei to teknikarane som hadde styrt med Arn, var der enda, men no dreiv dei og pakka verkty inn i bilen sin. Dei visste at eg hadde vore med på braklandinga i går kveld og ville visst oppvarte meg litt. "Sjå her, kva vi har funne," sa den eine og viste oss noko som låg på eit berg inne krattet der Arn stod. Det var fire piler i tungt og rusta jern som nokon hadde lagt i eit vakkert mønster slik at pilene peikte i kvar si himmelretning.
DET gjekk ein sting gjennom meg, og eg gav eit lite skrik. Dei tre mennene såg på meg. Eg tok meg inn att, og eg forklarte: "Det er eit symbol som vi brukar i kaosforskinga." "Eg veit det," sa Magnvald, "eg har lese artikkelen din." "Kva tyder så symbolet?" sa den eine av dei framande teknikarane. "Det kan tyde fleire ting," sa eg. "Fire er eit tal som er med i mange samanhengar. Det kan tyde mot Per, Pål, Espen Oskeladd og prinsessa. Mot dei fire årstidene. Eller himmelretningane. Og så har du seiemåten "ein-to-tre, på det fjerde skal det skje". Vi kom oss ut av buskene igjen. Dei to karane stod og hadde visst noko på hjartet: "Bur de her?" "Ja og nei, men kanskje mest ja," kom det raskt frå Magnvald. Eg hadde opne munnen, men lukka han igjen. Så kom dei med det eigentlege spørsmålet sitt: Om vi kunne halde eit auge med Arn? Dei hadde tenkt seg redde på at helikopteret skulle stå aleine langt frå bygda, men likevel med ein hurraveg til å ta seg fram på for hurrabassar. Ein kunne aldri vite om uvedkomande gjorde seg eit ærend og ville begynne å fikle. Kunne dei setje opp sperring på brua? "Vi treng eit par dagar før vi kan kome igjen og demontere maskinen for transport, viss vi ikkje spanderer stort helikopter og flyttar Arn ned til Ualand." Magnvald såg på meg, og eg såg på han. "Kva trur du?" sa han. "Blir vi ferdige med dei tinga vi skal ordne med i dag, eller må vi liggje over? Rommet vårt er jo der oppe (han viste med handa opp mot arka i andre høgda) og derifrå ser vi beint ned hit til Arn, som postar i eit vakttårn. " "Vi treng i alle fall dagen og kvelden i dag," sa eg. "Og da kan vi like godt stoppe her ein dag eller to." Andletet hans rivna i ein stor smil. "Det spørst berre ein ting," sa eg. "Har vi egg og beiken i huset?" Magnvald nikka djupt og ivrig. Eg heldt opp steikepanna som ei markeringsskive og gjorde markørteiknet for innerblink. Og eg sa: "Ver heilt trygge. Vi skal halde oss heime og passe på Arn som vår eigen vesle baby. Himmelen er ved å klårne, og til natta blir det fullmåne. Ikkje ein gong reven skal kunne gå usett over tunet." Teknikarane takka oss opp i handa, sette seg i bilen og drog sin veg. Der stod Magnvald og eg aleine att på Andreplassen. "Der står du, og her står eg," sa eg. "Her står vi, du og eg," sa han. "Dette vart nok slutten for Leitebakk skule," sa eg. "Og da kan vel Andreplassen begynne å heite Fyrsteplassen." "Klart han kan!" jubla Magnvald. "Men no må vi gå inn og begynne med intervjuet. Eg har litt av kvart på hjartet." "Ja, eg er innstilt på å gjere grundig arbeid," sa eg. "Dette blir eit intervju der vi skal gi oss god tid, heilt til Nordalsvinden trur han må prøve å jage oss." Så gjekk vi inn. Vi let att døra etter oss og låste på innsida. Verken rev eller elg trong prøve seg på å snoke. Det einaste som kanskje var litt spesielt, var at eg som skulle vere journalisten, hadde smett meg opp i armane hans så eg vart boren over dørstokken av han som skulle vere intervjuobjektet.
S L U T T --||-- Forteljinga om Berly og Magnvald held fram i den nye forteljinga: Brev frå brettet Alle foto: E.K. |