” - ein spesialstudie i heilskapen -”:

 

Mikhail Ivanovitsj Steblin-Kamenskij: Islendingesogene og vi

 Utdrag frå kapittelet ”Er det meining i litteraturhistoria?”

 

The past is of cultural interest
only when it is still the present

or may yet become the future.

Edward Sapir

 

Som alle veit, kan menneske frå våre dagar bli sterkt gripne i møte med kunstverk frå fjerne tider. Millionar av våre samtidige er oppglødde for bygningar frå antikken, for gotiske kvelv og rosevindauge eller for gammalrussiske freskar og ikon. Og endå om det no er råd å etterlikne dei gamle kunstverka takk vere moderne teknikk, så er det likevel berre originalan som grip oss, og ikkje etterlikningane – om vi då er i stand til å skilje mellom original og imitasjon, sjølvsagt. 

Kva er då grunnen til at kunst frå fjerne tider kan verke så sterkt på oss? Å svare på dette i allmenne vendingar er ikkje så vanskeleg. Det moderne mennesket opplever minnesmerka som noko kunstnarleg eineståande, det sansar ein venleik i dei som i si tid kunne skapast fritt og spontant, men som i vår tid berre kan etterliknast.

Skulle det då ikkje vere mogleg på grunnlag av dette å finne ut kva det kunstnarleg uforliknelege i kvart einskilt kunstverk eigentleg stikk i? Det må vi tru at det er, og nett det  burde kunsthistorikarane vere opptekne av.

I staden ser vi at det dei helst vil, er å gi oss så mange opplysningar som råd om kvart einskilt minnesmerke – om materiale, proporsjonar, historie osb., det vil seie å skildre det så detaljert som mogleg. Det verkar som dei innser (*vil ikkje for eksempel ”trur” vere eit rettare ord?) at det kunstnarleg eineståande ved eit minnesmerke ter seg best fram når ein får sjå det for seg, og så går dei truskyldig ut frå at berre opplysningane er detaljerte nok, eller skildringa presis nok, kan den kome i staden for sjølvsynet. Elles er det sakte slik, vil eg tru, at den som er i stand til å oppleve det kunstnarleg eineståande ved minnesmerke frå ei fjern fortid, vanlegvis ikkje vil gå til kunsthistoriske verk for å finne ut kva det botnar i. Kunstverka er tilgjengelege for sanseorgana våre – vi talar altså her ikkje om litterære verk, men om byggverk, skulptur og målarkunst. Og kan då kunsthistorikaren med sine ord tevle med sanseorgana våre? Det ville vere som når ein kunstskjønar – i staden for å skildre sjølve kunstverka – utbreier seg om det inntrykk det burde gjere på oss (”...gjer eit ugløymande inntrykk”, ”forunderleg vakkert ...”, ”eineståande velgjort” osb.); heller ikkje slike skildringar kan erstatte våre eigne umiddelbare inntrykk.

Noko heilt anna er det med litterære minnesmerke frå ei fjern fortid. Litteraturen verkar ikkje beinveges på sanseorgana våre. Eit litterært verk er ikkje ein ting som vi kan sjå og kjenne, det er ein åndeleg storleik som vi får kjennskap til gjennom teikn eller symbol på eitkvart i medvitet vårt, attpåtil gjennom teikn avspegla i teikn, eller gjennom symbol på symbol. Dei symbola vi talar om, er orda, og symbola på symbol er dei skrivne orda.

Rett nok er heller ikkje eit kunstverk som vi kan sjå og kjenne på, utan vidare ein ting som eksisterer i seg sjølv utan omsyn til dei menneske som opplever det. Det er ein gjenstand som er skapt for å bli sansa og opplevd på ein viss måte, og som ikkje eksisterer utan det. Eit slikt kunstverk er med andre ord alltid ein materiell og ein åndeleg røyndom på same tid. Eit litteraturverk er derimot berre ein åndeleg storleik. Det er uttrykk for ei åndeleg verd som er formidla av ein ikkje-sanseleg substans. Derfor er det naturleg at litteratur frå fjerne tider ikkje lar seg løyse ut frå den åndelege verda til dei menneska som levde der denne litteraturen vart til, og han er ikkje til å forstå for eit moderne menneske, med mindre dette mennesket skjønar denne åndelege verda.

I ein freistnad på å gjere litterære verk frå gammal tid forståeleg for det moderne mennesket, vil litteraturhistorikarane jamføre verket med eit eller anna minnesmerke frå dent tids arkitektur eller biletkunst – gotiske katedralar, gamle freskar og lignende På denne måten blir litteraturverka tillagde same umiddelbare verknad på oss som plastiske kunstverk. Men saka er at desse kunstverka skil seg ut frå litteraturen nettopp ved at dei ikkje er formidla gjennom symbol på symbol, men gjennom materielle stoff

Å jamføre litteraturverk frå gammal tid med minnesmerke frå andre kunstartar er derfor i røynda ikkje noko anna enn ein freistnad på å få i stand eit slags optisk bedrag.

Det moderne mennesket er nemleg skilt få dei gamle litterære minnesmerka med eit dobbelt stenge: symbola som desse verka er uttrykte i, dvs. orda, og symbola på desse symbola, dvs. deira nedslag i skrift.

[……]


Føreord av omsetjaren, Bjarne Fidjestøl

 Den sogestudien som her er omsett til norsk, er eit heller uvanleg filologisk arbeid – det gjeld ikkje berre det siste kapitlet, der forfattaren sjølv åtvarar lesaren om at han ikkje vil finne det han ventar å finne. Det uvanlege ligg framom alt i at det korkje er eit reint populærvitskapleg oversynsverk eller ein atomistisk spesialstudie, men snarare ein spesialstudie i heilskapen. Avhandlinga femner såleis om heile sogelitteraturen, endå om ho legg hovudvekta på islendingesogene. Dette blir mogleg ved at lyskastaren ikkje blir retta mot einskildverka, men mot sjølve dei åndelege – eller meir teknisk sagt – dei semantiske førestillingar som er grunnlaget og føresetnaden for sogelitteraturen.

         Paradoksalt nok er det også uvanleg at denne heilskapen er sedd i historisk perspektiv. Perspektiv i biletkunsten inneber som alle veit at kunstnaren medvite orienterer biletet ut frå plasseringa av sitt eige auge, og som kunsthistorikaren Erwin Panofsky har peika på, svarer det til at historikaren erkjenner fråstanden mellom sin eigen ståstad og den fortida han studerer. Det er det Steblin-Kamenskij har gjort. Metoden hans er kort og greitt å setje opp mot kvarandre sentrale omgrep frå moderne og frå mellomalderleg tankeverd, og tolke mellomalderverka i lys av den kontrasten som då kjem fram. Så vidt eg kan skjøne, er dette ein metode somikkje tidlegare er nytta i denne målestokk, i alle fall ikkje i arbeid om norrøn litteratur. I mindre målestokk er han nytta ein gong før, i ei lita avhandling av Steblin Kamenskij om forfattaromgrepet, som stod å lese i Arkiv för nordisk filologi 81 (1966). Hovudtankane der finn vi elles att i denne boka.

         Det er neppe tilfeldig at denne nytenkinga kjem frå Sovjetunionen. Steblin-Kamenskij tek rett nok avstand frå den litterære strukturalismen, som er ein av arvtakarane etter den russiske ”formalismen”. Men sjølv har han i sin ungdom hatt kontakt med ”formalismen”, og verket ber visse minningar om det. Det gjeld t.d. det gløgge auget for formelle litterære verkemiddel – eller fråværet av dei – og det gjeld forståinga for omveltingane i den litteraturhistoriske utviklinga. Men ikkje minst gjeld det lysta til å épater le bourgeois, og oppskremde meldingar i fagtidsskrifta tyder då også på at det lærde bourgeoisi har late seg forskrekke. I kva mon kritikarane har lukkast i å setje fingeren på ”overeksponerte” tesar eller veike punkt i detaljane i dette nybrottsarbeidet, skal eg ikkje dømme om litteratur, som ikkje berre gir lesaren ny vitskapleg erkjenning, men også hjelper han til å kjenne betre sin eigen ståstad. Sjølve metoden har heller ikkje vore alvorleg diskutert, så vidt eg kan sjå.’

Hovudsaka for oss har vore å gjere kjend ein metode i lesinga av eldre litteratur, som ikkje berre gir lesaren ny vitskapleg erkjenning, men også hjelper han til å kjenne betre sin eigen ståstad.

 Originaltittelen er Mir sagi – beinveges omsett ”sagaens verd”. I ei engelsk omsetjing som kom ut på Odense University Press i 1973, er boka kalla The Saga Mind, men for å understreke det metodiske hovudpoenget har vi i  samråd med forfattaren kalla omsetjinga Islendingesogene og vi.

         I originalen er avhandlinga utstyrt med elleve sider med notar, som vi har utelate. Skulle nokon vere spesielt interessert, kan han finne dei i den engelske omsetjinga, der dei er tekne med bl. a. fordi dei gir ”ei velkomen innføring i sogegranskinga i Sovjetunionen”.

         Mikhail Ivanovitsj Steblin-Kamenskij er professor i skandinavisk filologi i Leningrad. Han er fødd i 1903 og har vore knytt til universitetet i Leningrad sidan 1945. I 1969 vart han utnemnd til æresdoktor ved Stockholms Universitet. Han har publisert ei lang rekkje artiklar og bøker om skandinavisk språk og litteratur, særleg islandsk og norsk, og han har gitt ut omsetjingar av norrøn litteratur på russisk.   

 Bergen i mai 1975

 Bjarne Fidjestøl


 

Føreord av forfattaren, Mikhail Ivanovitsj Steblin-Kamenskij

Denne boka handlar om den åndelege verda som er uttrykt i islendinge-sogene, dei mest forvitnelege verka i den islandske litteraturen og dei mest eigenarta litterære minnesmerka frå europeisk mellomalder. Det er skrive overlag mykje om desse verka, og dei er nøye granska frå ymse synsstader. Men deira åndelege verd, meir spesielt dei førestillingar om sanninga, om den menneskelege personlegdomen, om form og innhald, om tid og rom og om død og liv som er uttrykt i dei, har ikkje kalla på merk-semda til dei lærde i nemnande mon.

         Forfattaren tillet seg derfor å ta opp att det han skreiv i føreordet til Kultura Islandii, som kom ut i 1967: ”Den populære framstillingsforma er ikkje vald for å unngå vanskelege problem eller for å gjere dei enklare enn dei er, men tvert imot fordi denne forma gjer det mogleg å konsentrere seg om det vesentlege i dei problema som blir drøfta, utan at framstillinga blir tyngd av forskingsreferat, opprekningar av namn og data, tilvisingar og notar og annan slik ballast som ikkje er til å unngå i framstillingar som er mynta på lærde spesialistar.” Å dømme etter dei mange og velviljuge kommentarar som denne boka vart møtt med, og som forfattaren er mykje takksam for, nådde ho fram til sine lesarar. I det han summerer opp resultata frå studiane sine i menneskets åndelege verd, vender forfattaren seg derfor igjen til ein breiare lesarkrins og ikkje berre til spesialistane.


M. I. Steblin-Kamenskij: Islendingesogene og vi

Til norsk ved Bjarne Fidjestøl

Det Norske Samlaget - Oslo 1975 - ISBN 82-521-0507-6

 

19.08.2007

Hugen          Bokhylla