|
Den19.salmen
Til
korleiaren. Ein Davids-salme.
2
Himmelen forkynner Guds herlegdom,
kvelven fortel kva hans hender har gjort.
3
Den eine dagen ber bod til den andre,
ei natt gjev sin kunnskap til den neste.
4
Det er ikkje tale, det er ikkje ord,
og inga røyst som kan høyrast.
5
Men bodskapen går over heile jorda
og vitnemålet til heimsens ende.
Der har han reist eit telt for sola.
6
Ho går som ein brudgom ut or sitt rom,
glad som ein helt legg ho ut på si ferd.
7
Frå den eine himmelranda går ho ut
og gjer sin rundgang til den andre;
ingen ting er løynd for hennar hete.
*
8
Herrens lov er fullkomen,
ho gjev sjela nye krefter.
Herrens lovbod er å lita på,
det gjer den urøynde vis.
9
Herrens føresegner er rette,
dei gjev glede i hjarta.
Herrens bodord er reint,
det får augo til å stråla.
10
Agen for Herren er rein,
han varer til evig tid.
Herrens domar er sanne,
rettferdige er dei alle.
11
Dei er kostelegare enn gull,
enn fint gull i mengd,
og søtare enn honning
som dryp frå vokskakene.
12
Ja, din tenar tek imot
den rettleiing boda gjev;
å halda dei gjev stor løn.
13
Men kven merkar kor tidt han fer vilt?
Tilgjev meg dei synder eg ikkje veit om!
14
Ja, hald din tenar frå skamlege synder;
lat dei ikkje få makt over meg!
Då kan eg vera heil i mi ferd,
frikjend for store misgjerningar.
15
Ta vel imot dei ord eg talar,
lat mitt hjartans tankar koma fram for deg,
Herre, mitt berg og min utløysar!
Bibelen på internett: www.bibelen.no
05.06.08
|