| KVA BUSS-SJÅFØRANE SEIER INNI SEG
KVAR TIRSDAG tileigna dei som køyrer
Tittelsnes-ruta
Av Einar Økland
kvar tirsdag vaskar kvar sjåfør bussen sin
inni og utanpå
nei vi er ikkje vaskekoner
men buss-sjåførar
men vaskar allikavel
buss-selskapet vil ikkje
vaskekonene skal få tak i
bussane deira
vaskekonene kunne nekte å gi dei frå seg
før dei fekk løyse-
pengar
det ville bli dyrt
ja
det ville bli dyrt
kvar tirsdag
|